Rødset Gard
 
 Germany

 
Velkommen til Rødset

Rødset Gard ligg på Ålvundeid, ei fin bygd i Sunndal kommune. Sunndalsboka fører garden tilbake til 1600-talet, så garden står i ein lang tradisjon. Drifta på garden er basert på melkeproduksjon, men også noko skogsdrift. I 1992 begynte Lars og Reidun å leie Rødsethytta ut til turistar. Etter kvart har det blitt meir utleie. På garden er det mange hus, slik som smie, stabbur, eldhus og seter. Dette fortel noko om den tradisjonen garden har.


Utleie
 
 
Rødsett hytta

Rødsethytta er ei stor hytte som ligg ca 500 m frå sjølve garden. Stova har peis, og er elles heimekoseleg innreidd. Det er to soverom i hytta. Det eine har 2 enkeltsenger, det andre dobbeltseng. I stova er det sovesofa. Kjøkkenet er godt utstyrt. På badet er det dusjkabinett. Det er også vaskemaskin på badet. Hytta har veranda, så det går godt an å ta frokosten ute i det fri! Du kjem til trivast i Rødsethytta!
 
Prisar
Pr. døg: kr 700 ,-
Pr. veke: kr 4 500 ,-
Sluttreingjering:  kr 400 ,-
 
 




 
Teigan

Teigan er eit småbruk som vart kjøpt attåt garden i 1973. Våningshuset er bygd i 1911, og har alltid blitt teke godt vare på. I 1992 vart huset restaurert på ein enkel måte, slik at det har behalde særpreget. I dag har Teigan: ei triveleg kjøkken/stove, bad med dusjkabinett, soveromsplass til 6 pers. For oss er huset i Teigan ei perle. Tunet er triveleg og har fin utsikt. Kanskje kan du også sjå Innerdalstårnet frå Teigan?

Prisar
Pr. døg: kr 800 ,-
Pr. veke: kr 5 000 ,-
Sluttreingjering:  kr 400 ,-
 
 
 


 
Slettastuo

Slettastuo er ei gammal husmannsstue som vart sett opp på garden i 1872. I 1951 vart huset flytta til eit anna bruk. I 2006 står Slettastuo ferdig restaurert på den gamle plassen på garden. Huset har fått den same rominndeling som det hadde før, og er halde i den gamle tradisjonelle stilen. Likevel har huset no noko vesentleg som det ikkje hadde før: Det har fått eit stort og moderne bad! Det er eitt soverom med dobbelseng, og sovesofa for to i stua. På "lemmen" er det og god soveplass! I stua er det kjøkkenkrok med kjøleskap og oppvaskmaskin. Det er også ny peis i stua. Slettastuo framstår no som ei heilt ny utleigehytte med topp standard.

Prisar
Pr. døg: kr 700 ,-
Pr. veke: kr 4 500 ,-
Sluttreingjering:  kr 300 ,-







 
Rødsetra


Rett opp frå garden er det ei gammal seter som var i bruk fram til 1951. Der har budeiene i mange år passa kyrne og laga mykje god rømme og godt smør. Husa er restaurerte, slik at dei ytre sett er slik dei eingong var. Det store fjøset vart restaurert frå grunnen av i 2001. No er det svært triveleg å ta ein setertur, nyte kultur- landskapet, tenne på bålet og finne fram svartkjelen. Er det noko betre enn å trekkje inn den friske fjellufta på setra? For arbeidet med restaurering fekk familien Rødset Sunndal kommune sin kulturpris i 2002, og kulturlandskapsprisen 2006 Møre og Romsdal fylke.             
 
 
 
Bygda

Jordbruksbygda Ålvundeid ligg i Sunndal kommune, 13 km nord for Sunndalsøra. Som namnet fortel, er det eit eid mellom to fjordar, Sunndalsfjorden og Ålvundfjorden. Det er fine gardar på Ålvundeid, men mange eidingar har også hatt arbeidet sitt på Hydro Aluminium. På Ålvundeid er det 225 husstandar. Bygda har barneskule og barnehage, og Coop Orkla m/post sørgjer for at du får det du treng til det daglege. 3 km frå Rødset ligg Børsetlia alpinanlegg. Ålvundeid innbyr til fjellturar, og har stor variasjon i tilbudet. At bygda har ein av inngangane til Trollheimen, seier jo sitt. Innerdalen er kjent som "den vakraste dalen i landet." Frå Rødset går det sti opp til Flånebba og Smisetnebba. Flotte turar! Elva Ulvåa renn gjennom bygda.

Meir informasjon om Sunndal kommune kan du finne på www.sunndal.com
 
 
 
Aktiviteter

Rødset er et bra utgangspunkt for fjellturar, skogsturar, fiske og bilturar i flotte omgivelsar. Med inngang frå Ålvundeid er Innerdalen vår port til Trollheimen. I tillegg til Innerdalen har vi skrive litt om moglegheiter for ulike bilturar rundt om i kommunen og fylket, samt fotturar i fjellet, som vi kan anbefale.



Vi kan også nevne andre aktivitetstilbud i området:


*  Eventyr Natur as
*  Kommunale friområde på Flåøya og i Fuglevågen i Ålvundfjord.
*  Badeplass i Ålvundfjord. Fin sandstrand 8 km frå Ålvundeid.
*  Leikvin Kulturminnepark, Grøa.
*  Sunndal nasjonalparksenter, Gjøra.
*  Sunndal fjellheis - Børsetlia alpinanlegg
*  Lysløyper

Meir informasjon om dei ulike aktivitetane kan du finne på www.sunndal.com. 
Innerdalen
Den vakreste dalen

Ålvundeid har ein av inngangane i Trollheimen, der Innerdalen er ei av perlene. Her er det eit eldorado av turmål, lange eller korte turar. Innerdalstårnet og Bjøråskaret er eksempel på flotte turmål i Innerdalen. Turistforeninga har merka ruter innover i Trollheimen.

Innerdalen vart freda som landskapsverneområde alt i 1967, og er kjent for fjellklatrar og fjellvandrar frå inn- og utlandet.

I Innerdalen finn vi Innerdal turisthytte. Renndølsetra er seter i drift også i dag.

Frå Rødset er det berre 13 km til parkeringsplassen i Nerdal. Etter ein fottur på 4 km er du i Innerdalen. Flotte dagsturar frå Rødset!
 


Turar

Rødset er eit godt utgangspunkt for mange fine turar, fotturar i fjellet såvel som bilturar og bybesøk. Mange ønsker å ha ein bytur med i ferieopphaldet.


 

Byturar og bybesøk

*  Atlanterhavsveien. "Århundrets Byggverk."
    Dette kan også kombinerast med rundtur til Kristiansund.

*  Aursjøveien
    Bomvei mellom Sunndal og Eikesdal.

*  Ålvundeid - Molde     ca.100 km.
    Ålvundeid - Kristiansund ca. 80 km
    Ålvundeid - Trondheim ca. 160 km

*  Grødalen og Åmotan
    Bilvei til betjente turisthytter i Sunndalsfjella nasjonalpark. Fossefall i Åmotan på vegen.

Fotturar i fjellet

 

Elles innbyr fjellheimen til flotte opplevingar. Frå Innerdalen er det merka ruter innover i Trollheimen. Dette kan du lese meir om på Trondhjem Turistforening sine sider.

Kristiansund og Nordmøre Turistforening har også mange hytter i Sunndalsfjella.

*  Turar i Grøvudalen
*  Turar i Grødalen
*  Åmotan, der tre elver møtes og danner storslagne fossefall


 
 
 
 
 
Kontakt info, Rødset Gard

Adresse: Rødset, N-6620  Ålvundeid
Epost: la-roed@frisurf.no 
Telefon: +47 71697730
Mobil: +47  91577286

Hent veibeskrivelse / Get Directions



 

© LightWeb